Velg en side

For nokre år sidan la Jon Eikemo Noreg for sine føter med diktarportrettet av Jakob Sande.
Nå presenterer han ein annan sentral skald frå skulesongboka, diktaren, sogeforteljaren og journalisten Per Sivle (1857-1904)
Sivle levde i ei brytingstid og var sterkt prega av dei store politiske tema i tida, parlamentarisme, demokratisering og nasjonalt sjølvstende.
Han var ikkje redd for å stikke hovudet fram og kom ikkje frå striden utan rifter i pelsen.

Livet hans slutta tragisk, men han etterlet seg nokre av dei flottaste songane i den norske songskatten, som «Den fyrste song», «Vesle lerka»,
ei rad patriotiske dikt og skjemtesoger, særleg Vossa-stubbar som er blant det beste i humoristisk forteljekunst.

Men den Sivle-teksten som kanskje flest kjenner og som har gjort sterkast inntrykk heilt frå Nordal Rolfsens lesebok og tvers gjennom alle Egners lesebøker,
er forteljinga om hunden Hall i den gripande soga Berre ein hund.
Stykket har urpremiere 19.september 09 på det Norske Teatret.